Home » A-laget kvinner » Kampreferat » 2010 » Siger på Lepsøya for damelaget

Klubbinfo

Hovedsponsor

Banner

Forum

Hovedsponsor

Banner

Cup

Nettbutikk

Log inn

 
Siger på Lepsøya for damelaget PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Arnt Tore Røe   
fredag 25. juni 2010 13:28
Damelaget slo Hano/Lepsøy 2-1 (0-0) på Lepsøya. Målscorera: Andrea S Isaksen og Marita Aarseth. Måla sat langt inne denne gongen også, men vi vann ein fullt fortjent siger . Første omgangen kjørte vi fullstendig slik at keeperen vår Kristina Rogne måtte varmast opp i pausa… Sjølv om vi hadde banespelet i den første omgangen produserte vi ikkje mange sjangsar, men eit par veldig store burde gitt oss en klar ledelse til pause. Heimelaget sin keeper og midtforsvaret deira  imponerte til tider.
Når vi ikkje klarar å ”drepe” kampen vil alltid det andre laget få trua etterkvart. Dette skjedde også denne kampen. Hano/Lepsøy løfta seg mange hakk i den andre omgangen, men fortsatt var vi hakket bedre og sjølv om dei var frampå med nokre store sjangsar burde vi avgjort kampen ved fleire høve… Heldigvis klarte Andrea S.Isaksen og Marita Aarseth og avgjere kampen i vår favør.
Laget la ned ein fantastisk innsats og gav seg ikkje før vi hadde tre poeng i lomma, viktig med vinnerinstinkt!

Vi tok tre viktige poeng og er berre 6 poeng bak andreplassen. Målsetninga til hausten blir å videreutvikle spelet vårt, bli meir effektive og dermed knipe andreplassen ;-)