Klubbinfo
Hovedsponsor
Forum
Hovedsponsor
Cup
Diverse
Nettbutikk
Log inn
| Lyset gjekk etter 2-0 ledelse |
|
|
|
| Skrevet av Administrator |
| torsdag 17. juni 2010 07:41 |
|
Alt gikk etter planen heilt det sto att en halvtime. Før den tid hadde vi full kontroll på kampen og scora 1-0 med Petter Aursnes. 2-0 kom 10 minutt uti andre omgang. Ole Thomas kriga inn nok ein dødball. Så starta FKS spelerane å tru att dette gjekk av seg sjølv og dappa av på både innsats og konsentrasjon. Vigra som kun hadde konsentrert seg om å kjefte på dommeren, FKS spelerane og linjevaktene begynte å skjønne att det ikkje gjekk lenger å ha feil fokus på kampen. Og den smertefulle opphentinga hadde starta.
Først felte vi unøvendig ein Vigra speler som korrekt fikk straffe. Der gjorde dei ingen feil og reduserte til 2-1. Nervane dukka opp og spelerane virka redde for å tape. Det gjorde att vi aldri fikk satt trykk opp slik vi hadde gjort heile kampen til da. 2-2 kriga dei inn på ein dødball i kjent FKS stil. Før det satte vi inn Eirik Indergård som skulle avlaste Per Espen og Magnus sentralt på midtbana, Men vi kom aldri innatt i kampen og no kjørte Vigra skikkelig på. Dårlig klarering og litt flaks av Vigra gjorde dei fikk krangla ballen over streken til 2-3. Da hadde dei snudd kampen på under 20 minutt. Innsatsen som var der mot Ørsta var totalt borte. Skuffande og trist å sjå eit så godt lag spele så dårlig. Litt uheldig var vi i denne kampen. Damian Cruz var ute med strekk skade denne kampen og berre etter 15 minutter så måtte Kim Grøtting kaste inn handkleet. Også han fikk strekk. Kim er kongen i forsvaret vårt og savnet av han var merkbart denne kampen. Men no må oss tenke framover mot neste kamp som er på onsdag mot Åmdalen. Dei 2 neste før ferien er på bortebane. Først Åmdal og deretter Skodje. Får vi 2 seiera der så skal vi seie oss fornøgd med vårsesongen. Vi holder tross alt på å bygge opp eit heilt nytt lag beståande av mange unge spelera. Slike kamper som igår lærer dei av sjølv om det er ein begredlig måte å gjere det på. Vi vil takke publikum som har stilt opp på kampane i vårsesongen og håper dei kjem att til hausten.
Laget: Espen Garli, Noralf Haugseth, Kim Grøtting, Ole Thomas Kulseth, Daniel Bårdsgjære, Petter Aursnes, Magnus Sunde, Per Espen Lade, Vladislavs Ponakovs, Bengt Alnes, Martin Liseth Pedersen. Benytta Innbyttera: Eirik Indergård, Olav Arne Nordstrand, Jim Bøchmann. |
| Sist oppdatert ( fredag 18. juni 2010 08:05 ) |





