Home » Jenter » Kampreferat » 2010 » Storseier til J-16. nr 6 av 6 mulige.

Klubbinfo

Hovedsponsor

Banner

Forum

Hovedsponsor

Banner

Cup

Nettbutikk

Log inn

 
Storseier til J-16. nr 6 av 6 mulige. PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Arnt Tore Røe   
fredag 04. juni 2010 07:06

Kampfakta J 16

Herd Stadion 1 Juni
Herd - FKS

1-11(1-7)
Målcorera: Martine Torset 4, Eli Melseth 2, Isabell Bårdsgjære 2, Mari Kjemphol 2, Anna Skram Eikrem 1.

Jentene reiste til Ålesund tirsdag for å ta sin 6. strake seier for sesongen. Det var Herd som var motstandar, eit lag som låg omtrent midt på tabellen. Jentene fekk ei dårlig oppladning til kampen ettersom det var fergekaos på Ørsneset, og vi måtte stå over to ferger. Dette gjorde at kampen måtte utsettast i eit kvarter, og jentene kom på bana fem minutt før kampstart.
Jentene tok likevel initiativet i kampen, og det gjekk ikkje mange minutta før Martine Torset sette inn sitt første for dagen. Litt seinere auka Eli Melseth til 2-0, før Martine igjen var frampå og sette inn sitt andre mål. Fram til Isabel Bårdsgjere gjorde 4-0 var det mykje spel mot Herd sitt mål. Så kom Herd litt meir med i spelet, og reduserte til 1-4 etter at FKS-jentene stoppa litt opp og venta på at dommaren skulle blåse for kast. Men det gjekk ikkje så lang tid før Anna Skram Eikrem sett inn jentene sitt 5. mål på eit frispark. Så kom det nokre minutt på slutten av omgangen som vart Martine Torset sine. Først laga ho 6-1, før ho skora sitt fjerde mål i omgangen og fastsatte pauseresultatet til 7-1. Martine er i god form for tida sjøl om ho spelar med eit brudd i eine arma.
I andre omgang hadde jentene tenkt å gå ut å gjere noko med målforskjellen ettersom dei hadde dominert 1. omgang så mykje som dei gjorde. Men i fotball kan spelet som kjent endre seg fra den eine omgangen til den andre. Om det var fokuset som vart feil eller ikkje er det vanskelig å gi noke svar på, men jentene spelte ein mykje dårlegare andreomgang. Det vart litt for mykje individuelt det som skjedde, og vi klarte ikkje å skape noke breidde i spelet når vi gjekk i angrep. Dei ti siste minutta av omgangen begynte jentene og trille litt ball til kvarandre igjen, og det førte til fire nye skoringer. Først gjorde Mari Kjemphol 8-1, så var det Isabel som sette inn 9-1. Mari skora 10-1 på eit langskudd, før Eli sette punktum med 11-1.
Godkjent av jentene å skore så mykje mål, men det er viktig å holde oppe det rette fokuset igjennom kampen. I neste kamp kjem topplaget Hødd på besøk, og da må nok jentene være enda meir skjerpa gjennom heile kampen.
Desse jentene var med: Vibecke Utgård, Hanna Bakken, Cathrine Drabløs, Janne Sofie Lødemel, Astrid Bakke, Andrea Engeset, Mari Kjemphol, Anna Skram Eikrem, Isabel Bårsgjerde, Martine Torset, Eli Melseth, Katrine Hatlestad, Iselin Fet, Benedikte Stølen og Anne-Line Høydal.

 

Sist oppdatert ( fredag 04. juni 2010 07:15 )