2011

Sterk heimeseier for juniorane

1-0    6 min, Bengtiano, Eirik Kaland målgivande
2-0    11 min, Bengtiano, Øyvind Høydal målgivande
3-0    12 min, Bengtiano, Øyvind målgivande
4-0    65 min, Håvard Bjørnestad, Bengtiano målgivande
4-1    76 min, skudd etter corner
4-2    4-2 85 min, åleine med keeper

Siste kampen i sesongen. Det er noko spesielt med akkurat denne kampen. Vi ville veldig gjerne avslutte med seier, og stilte med eit ganske bra lag. Frå A-laget fekk vi med Mathias Karlsen, Bengtiano, Kenneth Carlsen, Eirik Kaland og Stian Våtmyr. Dei skulle ikkje spele så mykje, men det dei spelte var meir enn nok.
FK Sykkylven gjekk ut i eit forrykandes tempo, og allereie etter 6 minutt låg ballen i nettet bak Blindheim-keeperen. Eirik slo ein fin stikker gjennom til Bengtiano, som takla ballen i mål.
Vi stoppa ikkje med dette, og rett etterpå fekk vi to store sjansar ved Øyvind Høydal, med to flotte skot som gjekk akkurat utanfor stengene.
Og etter 11 minutt gjekk ballen i mål igjen. Øyvind sleivsparka ballen perfekt til Bengtiano, som knalla til på første touch rett i mål.
Blindheim rakk ikkje å samle seg før dei fekk nok eit mål imot. 12 minutt hadde akkurat passert då Øyvind slo ei perfekt pasning til Bengtiano, som fekk æra med å score ekte hat-trick.
FK Sykkylven stoppa ikkje, og fortsatte å presse. Ikkje før det 22 minutt hadde Blindheim eit skikkeleg skot på mål, og sjølv det tok keeper Thomas Jarle Grimstad. Sjølv om vi hadde mange sjansar på å score meir, fekk vi ikkje den siste lille biten til å funke. Men 3-0 til pause er ikkje noko å kimse av.

Andre omgang starta akkurat som den første, med press i frå FKS. Vi viste veldig tydeleg at vi ville vinne denne kampen. Etter 65 minutt fekk vi eit mål litt ut av intet. Bengt fekk ballen litt over midtbana, og la på sprang forbi forsvaret deira. Han la ut igjen 45 grader, og der kom Håvard Bjørnestad på eit perfekt tima løp og smekka ballen utagbart i mål.
Vi hadde mange andre store sjansar også, med skot over mål og ein frisk Jon Stigen som plaga forsvaret til Blindheim. Men mål var det, akkurat som i første omgang, dårleg med. Og etter kvart virka det som vi gjekk slitne på grunn av dette valdsame presset vårt, for Blindheim slapp meir og meir til inn i spelet.
Og etter 76 minutt fekk vi eit mål imot. På ein corner var vi litt sløve, og ein Blindheim-speler fekk gå opp åleine og stanga ballen i mål. Dette tende gnisten i dei, for no begynte dei å presse på. Forsvaret til FKS haldt unna, men i det 85 minutt slapp vi inn eit idiotisk mål . Ballen kom høgt frå keeper til Blindheim og midtforsvaret lot ballen sprette først. Spissen til Blindheim fekk då moglegheita til å ta ned ballen, og han fekk ein lett jobb med å setje ballen i mål. Heldigvis var det ikkje meir enn dette som skjedde, og dommaren blåste av. Vi var veldig fornøgde med denne sigeren, og avslutta sesongen fint. Nå er det berre å trene seg opp til innendørs-KM i november.
Tittelen Banens beste i denne kampen vil eg gi til Bengtiano. Alle i denne kampen spelte utruleg bra, men tre mål i løpet av seks minutt og målgivande på siste målet seier sitt. Viktigheita av å ha ein sterk spiss som oppspillspunkt som kan halde på ballen kom tydeleg fram i denne kampen. Når han i tillegg skapar rom for andre, scorar mål og gir målgivande pasninger så var det eigentleg eit lett val.

Ekstra informasjon