2011
Knepent tap for juniorlaget
- Detaljer
- Opprettet mandag 17. oktober 2011 07:20
- Publisert mandag 17. oktober 2011 07:20
- Skrevet av Robin Brunstad
1-0 20 min
2-0 30 min
2-1 36 min: Thomas Strøm, straffe
Då var vi klare for årets siste bortekamp, denne gangen mot Hareid. Til denne kampen hadde vi med mange gutte-spelarar, heile fem stk. Desse var Edin Ribic, Robin Jørgensen, Stig Ove Sætre, Håvard Bjørnestad og Erik Sandal.
Forholda var ikkje akkurat optimale: hagl med eit voldsomt regnver innimellom. Men kamp skulle det bli uansett. Vi fekk flytta kampen fram så vi fekk starte med ein gong, i staden for å stå still og fryse. For vår sin del starta ikkje kampen noko særleg bra. Vi hadde spelet i starten, men Hareid-spelarane satsa på kontringar i starten. Vingen deira kom seg altfor lett forbi venstrebacken, og fekk eit billig mål på det etter 20 minutt. Vi fortsatte å jobbe for å få utlikninga, men Hareid brukte mykje stygge knep for å bryte ned spelet. At det ikkje blei delt ut fleire gule kort er litt av eit under.
Etter 30 minutt fekk Hareid enda eit mål. Frå corner skaut ein Hareid-spelar ballen i fin bane over alle, og keeperen fekk akkurat ikkje nok touch bort i ballen til å få vippa den over tverrligger.
Etter 36 minutt fekk vi også mål. På eit langskudd gjekk den rett opp i armane på forsvararen deira, og vi fekk straffe. Thomas Strøm tok den, han gjekk rett og slett fram til ballen og skaut rolig til side for keeper. Akkurat då følte vi at dette skulle vi klare. Det skjedde ikkje noko meir i første omgang, og det var 2-1 til pause.
I andre omgang hadde vi mykje bytter. Edin, Stig Ove og Jon Stigen kom inn til start, og gjorde ein svært god figur alle saman. Seinare kom også Robin Jørgensen og David Danag inn og også dei gjorde det godt. Vi dominerte totalt i andre omgang, men fekk ikkje så mange sjansar. Cato Eide hadde eit flott langskot som sendte keeper ut i full strekk. Samtidig hadde ikkje Hareid ein einaste sjanse. Sjølv om det var vi som hadde presset var det Hareid som fekk siste målet. Eit skot frå 20 meter traff foten til Thomas Strøm, finta ut keeper og gjekk i mål. Dette var også det siste som skjedde i kampen. 3-1 tap, men sett ut i frå prestasjonen vår i andre omgang fortente vi minst eitt poeng.
Banens beste: Erik Sandal. Sjølv om vi slapp inn 3 mål var midtforsvaret vårt veldig bra. Det var veldig nært mellom Erik og Stian Våtmyr, men eg veljar å gi tittelen banens beste til Erik, som ikkje hadde ein einaste feil, tross mange løpsduellar med kjappe Hareid-spelarar.