Nyheter og beskjed til redaksjonen : redaksjonen@fksykkylven.no

Kamp mot Stranda

0-1 22 min, LK med langskudd frå 17 meter

 

1-1 28 min, svakt skudd til side for keeper

 

2-1 52 min, åleine med keeper

 

Då var det klart til nok ein kamp, denne gangen mot sjølvaste Stranda. Vi visste det kom til å bli ein vanskeleg kamp, då dei har eit ganske godt lag. Men det har vi også, men denne gongen haldt ikkje det heilt ut.


Vi starta kampen svært bra, og var heilt klart på høgde med Stranda, og faktisk var vi betre enn dei første halvtimen.
Vi klarte å gjere Stranda frustrerte, og det vart etter kvart mange stygge taklingar og ein del gule kort. Til og med linjedommaren deira vart utvist.
Men sjansar var ikkje det så mange av. Først etter 19 minutt kom den første, då Stian hadde eit skudd som gjekk rett over krysset.
So, ut av eigentleg intet kom målet. LK fekk ballen litt utanfor sekstenmeterstreken og knalla til. Keeper var på ballen, men det var for hardt til at han klarte å få den vekk. Fortent 0-1 leiing til oss.
Men dessverre skulle også Stranda score. Spissen deira forserte framover på bana altfor lett, og frå omtrent 16 meter sendte han av gårde ei ¨løfse¨ som gjekk til side for Odin og i mål. Dette markerte også starten på at Stranda tok meir og meir over kampen, men vi fekk likevel dei største sjansane i første omgang. Først når Øyvind kom åleine med keeper etter 29 minutt, men dessverre gjekk skuddet utanfor. Og seinare når Stian la igjen ballen til LK som skaut like utanfor. Vi gjekk til pause med 1-1, i det som var ein god omgang av FKS, bortsett frå målet imot.
Andre omgang derimot var ikkje mykje å skrive om. Største sjansen vi fekk då var rett etter avspark, då Bengt skaut frå midtbana og i tverrliggeren.
Men det var Stranda som skulle styre kampen etter dette. Vi vart pressa bakover bana, og når vi fekk tak i ballen var det berre å få den fram igjen med ein gong, til ein spiss som stod åleine.

Etter 52 minutt skjedde det som ikkje skulle skje. Ein Strandaspelar kom seg lett igjennom, og åleine med keeper hadde han ingen problem med å score. 2-1, og vi låg under.
Stranda fortsette dessverre å styre kampen. Dei kom åleine med keeper ein gong til, men Odin redda mesterleg. Dei hadde fleire skot frå gode distansar, og også ein ball som gjekk i tverrligger og ned på streken før vi fekk klarert. Til slutt blåste dommer av, og det enda dessverre 2-1. Men vi tapte rett og slett mot eit betre lag, men denne kampen skal vi berre gløyme, og heller sjå framover mot dei neste kampane.

Banens beste denne kampen blei delt mellom Eirik Kaland og Odin Alvestad. Eirik var ein sokalla bauta i forsvaret, og styrte svært bra. Odin hadde mange gode redningar, og haldt oss i ei god stund inne i kampen. Så denne kampen blei for vanskeleg å velje ein, så begge to får den.

Ekstra informasjon