Nyheter og beskjed til redaksjonen : redaksjonen@fksykkylven.no

God start på sesongen av juniorlaget

1-0  Bengt på straffe, 16 minutt

2-0  LK på langskudd, 38 minutt

3-0  LK, gjennomspill frå Bengt, 47 minutt

4-0    Bengt på corner frå Sondre Bonesmo, 59 minutt 

4-1 heading bakre stolpe, dårlig oppdekking, 68 minutt

4-2 gjennombrudd, skudd til side for keeper, 71 minutt

4-3 skudd i krysset, 73 minutt

Då var det endeleg tid for å spele fotballkampar igjen. Første kvalikkampen skulle vere mot Brattvåg, og det var tydeleg at mange av spelarane gleda seg til å få spele teljande kampar. Vi gjekk ut i kampen med eit svært bra tempo, og pasningane satt som støypt. Etter 16 minutt forserte Stian Våtmyr framover bana, men dårlig touch gjorde at ballen gjekk litt for langt fram. Han takla seg vidare, heilt til han kom inn til keeper som felte han. Soleklar straffe, og gult kort til keeper. Bengt Hole Alnes var sikker som banken, sendte keeper motsatt veg og ballen nede til venstre.
Etter dette fortsatte vi presset, men fekk ikkje uttelling før i det 38 minutt, då ei klarering kom tilbake til LK aka Lars Kristian Hjelseth, som sendte skuddet i veg frå vel 25 meter utagbart til venstre for keeper. 2-0 til pause, og dette var vel fortjent.

Vi gikk ut på bana igjen med same presset, og Brattvåg slapp ikkje ein einaste gong forbi forsvaret vårt. Etter omtrent 47 minutt vendte Bengt om på midtbana, slo ballen vidare til LK som kom på eit perfekt løp, og berre vippa ballen over foten på ein utrusande keeper og i mål.
Etter fleire store sjansar som ikkje ville inn (Bengt!), fekk vi nok eit mål. Ein perfekt corner på bakre stolpe frå Sondre blei krangla i mål av Bengt.
Vi stoppa ikkje med dette, og fortsatte med eit utruleg bra press. Først la Øystein Eliassen inn ein fin ball til Sondre, men frå 3 m sendte han denne i tverligger og over mål.
Så var det Øystein sin tur, då han kom åleine med keeper etter eit kjapt frispark av Vegard Kaland.
Etter dette virka det som om gutane var slitne, for Brattvåg slapp meir og meir til i kampen, og dette straffa seg. På 6 minutt scora dei tre mål, grunna dårleg markering og litt dårleg jobbing av midtbana heim igjen. Det var derfor mange som var glade då dommaren blåste i fløyta for å signalisere at kampen var ferdig. Ikkje minst Jostein, som fekk sin første seier som trener for juniorlaget. Ryktene går om at sigeren vart feira ekstra hardt på kvelden.

Men uansett, vi fekk skaffa oss eit godt utgangspunkt, så akkurat no ser det lyst ut for avansement til førstedivisjon.Banens beste går til LK, som terroriserte forsvaret til Brattvåg gjennom heile kampen, så godt som utan stans. I tillegg til dette vil eg seie at det heller ikkje var nokon som var dårlige, og at laget spelte ein svært god kamp. 

Ekstra informasjon